top of page
Logo-1.jpg

Tidlegare arrangement 20 23:

Minnekonsert 030623.jpg

Laurdag 3. juni samlast sju av banda som Per Arne Brandal spelte i til minnekonsert. Siste spelejobben Per Arne hadde var på Stødt Scene i Ørsta, og vi som var so heldige å få vere medmusikarar synes det blir passande å legge minnekonserten dit. Per Arne var ein dugande komponist og gav sjølv ut fleire plater som gitarist, og han var ei fryd å spele saman med i fleire ulike sjangerar. Banda som stiller på Stødt laudag 3. juni er: Faculty of Funk, Five O’Clock Soul, Red Roosters, FunkUps, Riff, Uberjam, Bill's Place og Garibaldi Brothers. Konserten startar klokka 18:30 og banda spelar omtrent 20 minutt kvar. Alle er hjarteleg velkomne til minnekonserten, og billettinntektene går til Per Arne sine pårørande.

Baarelaget og Loof.jpg

Baarelaget køyrer på vidare i sitt 43. år ! Om mulig endå meir potente og klar for å gi gass på Stødt i påska, nærare bestemt Skjærtorsdag 6/4. Her blir det sjølvsagt presentert gamle 'slægers' frå ei imponerande karriere og bandet har dessutan lovt å øve inn låtar frå utgivelsane som du ikkje hadde venta å høyre.
For å gjere dette komplett dreg bandet LOOF i gang kvelden og vil gi oss eit knippe eigne rockelåtar presentert med sjarm og entusiasme.

Hmmm, dette ligg an til å bli ein skjærtorsdag av dei sjeldne :-)

Silver Trail 04.03.23 Stødt.jpg

Nytt navn - etablert rockeband !

Bak navnet Silver Trail finn vi gjengen i rockebandet Fatal Charm som hadde sin debut i Porsekjellaren i Volda på slutten av 80-talet. Gjorde furore rundt omkring med tøffe eigenproduserte låtar og interessante tolkningar av gamle rockeheltar som t.d. Iggy Pop og Billy Idol. Etter mange års pause kom karane i hop igjen og fann ut at her må det spelast inn musikk. Det resulterte i utgivelse av 10 eigne låtar i 2022 under navnet Fatal: C. Sjølv om bandet no er på lufta med nytt navn garanterer dei fullt trøkk i god gammal rockestil. På Stødt stiller dei med ein topptrimma vokalist Per Arne Bjørkedal i front. Kompet er tungt og stødig med Knut Eilefsen på trommer og Martin Folda på bass, og endelig får  'supergitarist' Frank Utgård spelt 'skjikkelig musikk' som han sjølv hevdar :-). Tøft !

Link til Spotify her:

https://open.spotify.com/artist/3CcLoxq3kUpz9wim32nTyx?si=F-8-OFNRT9q5CJ02cKUZpg.

Vangsgutane 250223.jpg

På nittitalet var dei her. Den gongen på «Dublin Pub». Nokon som hugsar den stemninga Vangsgutane ga oss då?

No er dei her igjen, denne gongen på den einaste og beste livescena i Ørsta: STØDT!

Vangsgutane starta i 1990 og dei heldt det gåande fram til 2001. I denne perioden spelte dei meir enn 350 konsertar,  frå Tromsø i nord til Halden i sør. Så kom nokre år i dvale, men i 2005 dukka dei  opp igjen og sidan har dei halde det gåande.

Dette er folkrock, i hovudsak frå Irland og de britiske øyane.

Musikken kjem som «perler på ei snor», frå artistar som Pogues, Fairport Convention, Waterboys, Flogging Molly og Tossers. Dette i tillegg til eige materiale.

Bandet har ei mangfoldig instrumentering, noko som gjer at dei let slik som folkrock fra øyane vest i havet skal låte – med melodier frå rolege tradisjonelle ballader til jiig og reel - i fullt firsprang.

Vangsgutane er Britt Elise Skram på fele, Gunnar Rafteseth på trekkspel, Jørgen Wiik på fløyter, Lasse Krogseth på bass, Magne Steinsvoll på mandolin og banjo, Terje Bystøl Hansen på trommer og Hallvar Djupvik på gitar og song.

Garantert stemning på Stødt denne dagen!

2022:

3. juledag: LØSJAKKENEm/gjestar

118974589_4607876679224278_2830260157422578013_o.jpg

Bratt og Blått inviterer til Juleblues på Stødt Bar&Scene 3. juledag.
Det blir ein svingande blueskveld med LØSJAKKENE på plass i topp form.

Bandet stiller med 'full besetning' og eit variert bluesreportoire som inkluderer både gamle klassikarar og meir moderne perler. Det blir som alltid full innsats med relativt 'løs jakke' og vi kan med glede og ei viss stoltheit presentere denne besetninga 3. juledag:
Knut Eilefsen (vokal/munnspel), Kyrre Grimstad (vokal/gitar), Kjell-Rune Klubbenes (gitar), Siggen Follestad (gitar/vokal), Bottolf Lødemel (div. orgel), Arne Moe (bass) og Roberth Lien (trommer).

Rykte har spreidd seg heilt til Haugesund so vi ser ikkje vekk i frå at det kan dukke opp ein gråhåra bluesmannj med skarre-R og munnspel også...

Laurdag 19. november:
Otto Junior Band

Otto Junior Band.jpg

Ungt og unikt gitartalent til Stødt 19. november 2022

I blueskretsar er Otto Junior kjent som eit supertalent på gitar.
Han er 16 år og har oppnåd mykje til trass for sin unge alder.
Otto Junior har spelt med store gitaristar som blant anna Little Steven, Tora,  Knut Reiersrud, Vidar Busk, Kid Andersen, Kingfish, Amund Maarud, Mike Zito, Josh Smith, Matt Schofield og mange, mange fleire.
Otto Jr. er også ein del av Gibson Generation Group (G3) som består av 19 ungdomar frå heile verda. I januar 2020 var dei samla på NAMM Show i USA der han fekk varme opp for Slash, Don Felder og Billy Gibbons.
Otto Junior har også varma opp for store norske navn som m.a. Jarle Bernhoft, CC Cowboys, DDE, og Di derre.
Bandet består av:
Otto Junior – gitar, vokal
Bjørn Thomassen – Bass
Tom Arne Fossheim – Trommer

Velkomen til ein drivande blueskveld på Stødt laurdag 19. november

Laurdag 5. november: ALICE

Alice plakat 800x800.jpg

Ulsteinvik-bandet  Alice til Stødt 5. november 2022

Bandet Alice hadde si storheitstid på store og små lokalar rundt om på Sunnmøre og i heile Norge på slutten av 70- og tidleg på 80-talet. I ein 5-årsperiode turnerte bandet over heile landet, i hovudsak på danselokalar men også med fleire spelejobbar på velrenommerte stader som Club7, Chateau Neuf-kjellaren, Glopperock og Festigavla.

Alice var eit av dei mest profilerte banda frå våre kantar på første halvdel av 80-talet, og fekk ein flying start med siger i landsdels-finala i NM i rock, med vidare deltaking i ei TV-overført finale på NRK frå Jordal Amfi i Oslo. Dette førte også til platekontrakt for bandet og EP-plate vart innspelt i Rosenborg studio i Oslo og gitt ut i etterkant av finalen.

På 70- og 80-talet var det dansetilstellingar som  var det mest vanlege underhaldningstilbodet i helgane for ungdom rundt om i landet. På bygdene var det samfunnshus, i byane gjerne danserestaurantar. Med dyktige musikarar og eige profesjonelt lyd- og lysutstyr vart Alice etterkvart godt etterspurde, og turnerte frå Honningsvåg til Kristiansand i fleire år.

Når karane no samlast igjen har dei har funne fram dei gamle repertoarlistene og legg opp til ei skikkeleg 80-tallskavalkade på Stødt i Ørsta 5. november.

Om du er av dei som vaks opp med 80-tallsmusikken, eller om du berre er fan av musikk frå t.d. Eric Clapton, Van Morrison, Doobie Brothers, The Band, Steely Dan, Bob Dylan, J.J. Cale m.fl., bør du ta turen innom Stødt for det er dette som blir servert denne kvelden.

Bandet hadde litt ulik samansetting i løpet av den tida dei heldt på, dei som er samla no er dei som var med lengst i gruppa: Ståle Rasmussen på gitar og vokal, Ronny Jakobsen på trommer og vokal, Bjørn Barstad på bassgitar og Rune Ertesvåg på gitar, munnspel og vokal.

LaurdagsJAM.jpg

Fredag 23. september: Lizz m/Band 

LIZZ har dei siste åra etablert seg som ein solid live-artist med utselde konsertar og fantastiske tilbakemeldinger frå publikum og arrangørar rundt om i landet. Karrieren starta med deling av musikk og videoklipp på Facebook i 2014. Etterkvart tok dette av og har hittil resultert i eit album pluss fleire singlar som har generert over 1 mill. avspelingar på Spotify allereie.
Lizz vann Musikkprisen 2020 med låten “No.2” i hard konkurranse med fleire nasjonale artistar. Ho sanka tusenvis av publikumsstemmer og overbeviste juryen. Seieren åpna for plateinnspeling i Ocean Sound Studio og spelejobbar på store festivalar som bla. Trondheim Calling og Jugendfest. Her møtte ho fleire store norske artistar og vart “oppdaga” av Åge Aleksandersen som liksågodt inviterte Lizz og bandet som supportband til festival i Trøndelag.
Ho har eit trygt og energisk nærvær på scena, og har ein unik evne til å formidle og skape stemning.
LIZZ føler ein enorm kjærleik for alle menneske (og dyr), og brenn for å spreie glede. Kombinerer pop, rock, R&B og fleire andre stilartar på ulike elegante måtar. Dette har bidratt til ein sterk popularitetsvekst dei siste åra, med auka tilhengarskare både live og i sosiale medier. Til konserten på Stødt har ho med seg sitt faste band: Ørjan Liavåg - gitar, Robeth Lien - trommer, Arne Moe - Bass, Jan Gunnar Aakre - Keyboards/vokal  og Elin Dyrkorn - fele/vokal.

Bilde 01.09.2018, 20 04 37-edit.jpg

9. + 10. september: Musikalsk Oase

Årets Musikalske Oase blir på vår nye kulturscene STØDT i Ørsta.

Det blir fullt køyr heile helga 9-10. september med 4 band pr. kveld.

MO 2022 Facbook.png

Laurdag 27. august: FunkUps på STØDT

Vi inviterer til ein uformell musikalsk kveld med løs snipp og god stemning der FunkUps serverer funk, jazz og jazz-rock frå svunne tider. Stikkord er Hancock, Wonder, Jarrett, Corea, Cobham, Thingnæs etc.
FunkUps er 7 voksne karar med lang erfaring frå årevis med turnering og dei skal sørge for å lage 'styr' på Stødt denne laurdagskvelden. Her kan både det eine og det andre skje når Øyvind Lied, Stein Lied, Per Arne Brandal, Svein Ole Hunnes, Ivar Kvangardsnes, Ulf Kristiansen og Andre Folkestad slår an tonen frå kl. 21.

FunkUps Stødt.jpg
bottom of page