Om Bratt og Blått:

Bratt og Blått er ein ideell organisasjon som står bak fleire årlege arrangement i Ørsta/Volda regionen, der Trandalblues er årets største og viktigaste høgdepunkt.

Første helga i juli kvart år står den vesle bygda Trandal i Hjørundfjorden på Sunnmøre i bluesens teikn. Festivalen har sidan starten i 2008 vakse seg større og meir profesjonell for kvart år, og har alltid fleire norske og internasjonale kapasitetar innan blues/soul sjangeren på plakaten. Variert program av svært høg kvalitet presentert i ei ramme med heilt unike naturlege kulisser i fjord og fjell, gjer at vi står inne for vår påstand om at Trandalblues er "Noregs vakraste bluesfestival".

I 2022 lanserte vi for første gong Trandaltrall søndagen rett etter Trandalblues. Ein sjangerfri festival for folk flest med svært variert og aktuelt program.

Ei anna stor hending i 2022 var etableringa av Ørsta si nye kulturscene STØDT SCENE.

Her arrangerer Bratt og Blått klubbkveldar med artistar av høg kvalitet, jamkveldar, temakveldar og mykje anna. Velkomen til våre arrangemet - du blir ikkje skuffa  :-).

Helsing frå oss i Bratt og Blått nemnda: Terje, Kyrre og Arne.