

3. juledag 2022 hadde vi desse karane på besøk.
Vart ein hivens kveld full av blues, soul og rock'n roll.
Kom gjerne med forslag til band til neste Juleblues 2023 :-)
3. juledag: LØSJAKKENEm/gjestar
Bratt og Blått inviterer til Juleblues på Stødt Bar&Scene 3. juledag.
Det blir ein svingande blueskveld med LØSJAKKENE på plass i topp form.
Bandet stiller med 'full besetning' og eit variert bluesreportoire som inkluderer både gamle klassikarar og meir moderne perler. Det blir som alltid full innsats med relativt 'løs jakke' og vi kan med glede og ei viss stoltheit presentere denne besetninga 3. juledag:
Knut Eilefsen (vokal/munnspel), Kyrre Grimstad (vokal/gitar), Kjell-Rune Klubbenes (gitar), Siggen Follestad (gitar/vokal), Bottolf Lødemel (div. orgel), Arne Moe (bass) og Roberth Lien (trommer).
Rykte har spreidd seg heilt til Haugesund so vi ser ikkje vekk i frå at det kan dukke opp ein gråhåra bluesmannj med skarre-R og munnspel også...