


Ungt og unikt gitartalent til Stødt 19. november 2022
I blueskretsar er Otto Junior kjent som eit supertalent på gitar.
Han er 16 år og har oppnåd mykje til trass for sin unge alder.
Otto Junior har spelt med store gitaristar som blant anna Little Steven, Tora, Knut Reiersrud, Vidar Busk, Kid Andersen, Kingfish, Amund Maarud, Mike Zito, Josh Smith, Matt Schofield og mange, mange fleire.
Otto Jr. er også ein del av Gibson Generation Group (G3) som består av 19 ungdomar frå heile verda. I januar 2020 var dei samla på NAMM Show i USA der han fekk varme opp for Slash, Don Felder og Billy Gibbons.
Otto Junior har også varma opp for store norske navn som m.a. Jarle Bernhoft, CC Cowboys, DDE, og Di derre.
Bandet består av:
Otto Junior – gitar, vokal
Bjørn Thomassen – Bass
Tom Arne Fossheim – Trommer
Velkomen til ein drivande blueskveld på Stødt laurdag 19. november