Her ser du enten det du var så heldig å oppleve live,

eller rett og slett gjekk glipp av :-)

 

27.08.22: FunkUps på STØDT

FunkUps Stødt.jpg

Her er ein liten smakebit frå den siste konserten vi arrangerte på legendariske Rust Scene 25.10.14:

RUPHUS på Rust "Coloured Dreams"

Ruphus på Rust 25.10.14:

Ruphus var eit av flaggskipa innan norsk rock på 70-talet. Bandet oppnådde legendestatus både i Norge og i fleire europeiske land.  I løpet av karrieren som varte fram til 1981 utvikla Ruphus seg frå å spele hard, progressiv rock til å bli pionerar innen norsk jazzrock.

Med Gudny Aspaas i front og Kjell Larsen på gitar er vi plutseleg tilbake til den tida då Ruphus regjerte både hitlister og konsertsalar rundt i Europa.

Bandet er på vegen igjen og er inne i ei svært aktiv periode. Vi er derfor ekstra kry av å ha fått booka inn laurdag 25/10 på Rust Club og Scene i Ørsta.

Dette er nemleg einaste konserten på desse trakter, så dette må rett og slett opplevast, "no eller aldri".